Ervingen


Eit songspel av Ivar Aasen


Vi markerer Ivar Aasen-jubileet og Språkåret med ei oppsetjing av Ervingen på Skjåk folkebibliotek.
Dei medverkande i stykket er: Magne Skjævesland (skodespelar og songar), Ruth Olina Lødemel (songar), og Lars Johansen (pianist) .

Ivar Aasen sitt songspel Ervingen vart første gong framført på Det Norske Teater i 1885. Stykket handlar om ein mann, Åmund, som etter mange år ute kjem heim til si grend og sin gard. Garden er kjøpt av ein innflyttar frå byen, men der bur også ei ung jente som han forelskar seg i. Åmund har odelsrett til garden og kan krevje den tilbake. Spenninga byggjer seg rundt spørsmåla om han får garden tilbake, og om han får denne jenta.

Vinjeproduksjonar seier at dei ynskjer å synleggjera Aasen sin lengt etter kjærleiken og trua på ein eigen norsk identitet.
Framføringa har ei enkel musikkteater-form, med hovudvekt på song og musikk. Den inneheld songar frå Ervingen og andre dikt av Ivar Aasen som passar i handlinga.


Velkomen til
Skjåk folkebibliotek
Torsdag 10. okober kl 19
Inngang kr 50,-
Enkel servering


Arrangør: Skjåk Historielag, Skjåk folkebibliotek og Den Kulturelle Spaserstokken

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede