Innlegg

Avslutningsfest for Sommarles 2023

Bilde
God fest No har vi hatt avslutningsfest for leselystkampanjen "Sommarles". Vi feira i lag med Forsker-Frederic frå Vitensenteret i Trondheim. Han hadde eit tøft vitenshow for oss. Han runda av det heile med eit høglydt brak, sjå video under. Det var faktisk 110 personar på biblioteket denne kvelden. Ungane i Skjåk har i sommar lese og registrert 275 320 sider. Det er bra jobba altså! Foran: Vebjørn Erlend E. Aaboen, Sigrid Lykre, Madeleine Jevnheim og Nora Krogstad. Bak: Vetle Morken Gartland og Forsker-Frederic Uttrekkspremiar Vebjørn Erlend Ericsson Aaboen er den heldige vinnarene av gåvekortet på kr 1000,-.  Marius Vegard Ericsson Aaboen, Sigrid Lykre, Emma M. Melbye, Oskar B. Johansen, Madeleine Jevnheim, Nora Krogstad, Vetle Morken Gartland og Rikke Brukveen vann kvar si bok. Stemningsfilm frå festen Hugs lyd :)

Filmoteket - lån filmar og seriar heilt gratis!

Bilde
Strøm film gratis med bibliotekkortet ditt. G ladnyheit! Lån film frå biblioteket - heilt enkelt! No kan du bruke bibliotekkortet ditt til å låne og sjå filmar og seriar frå biblioteka sin eigen filmstrømmeteneste,  Filmoteket . Her kan du velje blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne. Du finn både eldre og nyare filmar her. Du kan låne 4 filmar kvar månad. Du kan sjå dei lånte filmane i 48 timar, på alle plattformar, i alle dei kjente nettlesarane. Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast. Du må registrere deg hjå Filmoteket for å bruke tenesta. Du må ha nasjonalt lånekort. Slik får du tilgang: Gå til  www.filmoteket.no Vel "Logg inn" i menylina Klikk på "Registrer ny brukar" Tast inn lånekortnummer og passord. Her brukar du same passord som du brukar til å logge inn på "Meg&mitt" Fyll inn e-postadresse og ve

Ti på topp i Skjåk

Bilde
 Her er dei mest utlånte bøkene i Skjåk i 2022:

Opningstider jula 2022

Bilde
Opningstider jula 2022 Skjåk folkebibliotek

Lisa Aisato og kunstplakatar

Vi har pynta biblioteket med fantastiske kunstplakatar av Lisa Aisato. Kom og sjå!  

"Verdensdagen for psykisk helse" er 10. oktober

Bilde
I dag er det «Verdensdagen for psykisk helse». Fredag var vi med og markerte dagen. Geir Byre spelte, song og fortalde om si erfaring med psykisk helse og kor viktig det er å tore og be om hjelp. Det var sterkt og fint! Sjukepleiarstudent Anja Smedsmo hadde eit fint innlegg til ungdommen der ho m.a. fokuserte på at du skal våge å vere deg sjølv, at du må vere eit godt medmenneske og at du må strekkje ut ei hand til dei som står utanfor. Flink dame! Toril Renate Aabakken informerte om korleis Psykisk Helseteneste Lom & Skjåk jobbar og kva dei kan tilby. Vi hadde invitert 9. klassingane, til saman vart det 60 personar «i salen». Til slutt kosa vi oss med lunsj sponsa av Psykisk Helseteneste Lom og Skjåk. Torill Renate Aabakken Jotun og Anja Smedsmo frå "Psykisk helseteneste Lom og Skjåk" Geir Byre - ein musikalsk og "luggum" kar Lunsj hjå Skjåk folkebibliotek

Sommarles og trylleshow

Bilde
Måndag 26. september hadde vi fullt hus og avslutningsfest for Sommarles. Sommarles er  ein digital og nasjonal lesekampanje som går føre seg kvar sommar. Her kan alle 1. - 7. klassingar vere med på Norges kulaste lesekampanje saman med barn frå heile landet. I Innlandet fylke var 45 bibliotek med i år. Lom og Skjåk toppar denne lista som nr. 1 og 2 når det gjeld oppslutning. På avslutningsfesten kom tidlegare norgesmeister i trylling, Mikal Hednè, og hadde trylleshow for oss. Vi runda av det heile med ei spennande premieutdeling. Det var 3. klassingen Alfred Henriksen Bøhle som vann hovudpremien i år.   Takk til alle som har vore med! Vi gler oss allereie til Sommarles 2023. "Dette hadde eg aldri trudd kunne skje med meg!"                                                                                      Alfred Henriksen Bøhle. 3. klassing og glad vinnar